Gjør som tusenvis av andre debattglade nordmenn og følg oss på Instagram.
Nostrum
Jeune.no («skjønn») er et studentdrevet talerør for unge. Gjør som over 300 andre unge og skriv for Jeune.

Vindkraft: – Nei til gigantiske monstermaster og massemord på sjøfugler!

27.9.2021
No items found.
Dette innlegget er skrevet av
Joakim Myklebost Tangen, formann i Møre og Romsdal FpU
handler om
Foto: Privat / Danny Howard

Nei til gigantiske monstermaster og massemord på sjøfuglar

Eg vil stoppe den store raseringa av den norske naturen! Derfor seier eg nei til gigantiske monstermaster og massemord på sjøfuglar. Vindkraft har vist seg å vere veldig lite effektiv kjelde til fornybar energi. Behovet for energi kjem til å auke i framtida, derfor må vi ha gode løysingar for å møte desse utfordingane.

Derfor meiner eg at vi bør satse på vasskraft, då vi allereie har godt utbygd infrastruktur for dette. Vasskraftverka vi har i dag er det fullt mogleg å auke kapasiteten på, slik at dei produserer meir straum. Dei som meiner at ein skal satse på vindkraft framfor vasskraft kan ikkje ha naturen sitt beste i tankane.

Vindkraft overkøyrer det norske lokaldemokratiet

Vi ser no at straumprisane er rekordhøge, då er det viktig at vi produserer nok energi, og reduserar eksporten av norsk straum! Eg meiner det er viktig å sørge for låge, og forutsigbare straumprisar for det norske folket. Vi må også fjerne mva på straum og elavgifta.

Slik utbygginga av vindkraft er i dag, overkøyrer dette det norske lokaldemokratiet. Her eg kjem frå i Møre og Romsdal, har vi hatt ei stor sak der det skulle byggjast ut ein vindmøllepark på ei øy utafor Ålesund. Der var det stor motstand og misnøye blant lokalbefolkninga, men dei blei overkøyrt av staten.

Eg meiner at løysinga på den aukande etterspurnaden av energi her i landet, ikkje er å rasere den norske naturen, men heller satse på vasskraft. Og vi må få ned straumprisane, slik at alle i dette landet har råd til straum.

Vipps til #665544 for å støtte studentene bak denne nettsiden.